
Fasiliteter
Som tilbydar av kulturarrangement sørgjer vi for å ha teknisk utstyr av topp kvalitet. I tillegg til møtefasilitetar har vi ei kunstsamling som kan vitjast i pausane, og er ein skikkeleg heldig med dagen, kan ein avsluta kurset med eit kulturarrangement.

Oseanasalen
Dette er vår største sal, og kan ta opp til 500 gjestar i amfi. Vårt tekniske utstyr kan brukast til å halde alle typar presentasjonar og eignar seg godt for filmframsyning. Amfiet kan skyvast inn, slik at ein får 700m2 golvplass, noko som gjev mange mogelegheiter. Her kan det setjast opp med bord i ønska oppsett, og lokalet er godt egna for messer og utstillingar.

Vargasalen
Den nest største salen har ei golvflate på 225m2, og passar til mellomstore konferansar. Salen tar 126 i kinooppsett og ca 75 i klasseromsoppsett. Salen kan delast i to i tilfelle der ein ikkje treng heile plassen, eller ynskjer to parallelle seansar. Salen kan riggast opp med lys, lys og lerret, og det kan om ynskjeleg riggast opp scene. I tillegg har vi fleire mindre rom som egnar seg for mindre kurs og møter, og som grupperom.