Private arrangement

Flotte lokale med ei unik plassering ved Bjørnefjorden.
Oseana leiger ut lokale til privatpersonar som har noko å feira. Vi har flotte lokale for bryllaup, runde dagar og andre markeringar, og med Bjørnefjorden som bakteppe vert det ei heilt spesiell oppleving. Vi tar i mot arrangement av alle storleikar, og pyntar lokalet etter dykkar ynskje. Menyen kan utarbeidast i lag med deg, eller vi kan lage forslag om du ynskjer det.
Om ein vil å sjå på moglegheitene, kan tid for dette avtalast, det er berre å ta kontakt.

Bedriftsarrangement

Legg årets blåtur eller sommarfest til oss.
Kick-off, kundearrangement, mottakingar og julebord. Alt er mogeleg på Oseana.
Skal de arrangere blåtur til sommaren, og ønskjer noko nytt?
Oseana på Os er den perfekte destinasjon, både for bedrifter i og rundt Bergen, eller i kommunane rundt Bjørnefjorden. Vår plassering rett ved Os kai, gjer tilgang med båt enkelt. Det går òg an å kome hit med buss. Plassert heilt nede i fjøresteinane får du skikkeleg sommarstemning når du er på Oseana.

Aktivitetar vi kan arrangere er knytt saman med dette, og med vår unike kunstsamling.
Måltidet er med å gjere arrangementet komplett. Med store vindusflater ut mot svaberg og strand kunne de like gjerne sete ute, berre at no slepp de vind og kald trekk. Vi serverer ekte sommarmat, og du kan velje mellom skalldyrbuffet, grillbuffet og spekematbuffet. Eller vi kan tilby lekre tallerkenrettar.

Ønskjer de musikk og dans ut over kvelden, har vi lokaler som eignar seg, og vi hjelper til med å skaffe trubader eller DJ til kvelden. Ta kontakt med post@oseana.no for bestilling eller prisforespurnad.